ebook img

lensmenn i verdal PDF

498 Pages·2014·12.06 MB·Norwegian
by  
Save to my drive
Quick download
Download
Most books are stored in the elastic cloud where traffic is expensive. For this reason, we have a limit on daily download.

Preview lensmenn i verdal

85GA07918 Nasjonalbiblioteket avdefinpOsio VERDALSBOKA VERDALSBOKA EN BYGDEBOK OM VERDAL VED LEKTOR EINAR MUSUM REDIGERT VED SKOLEINSPEKTØR JOHS. DAHL BIND HA KULTURHISTORIE A/S NIDAROS OG TRONDELAGENS BOKTRYKKERI TRONDHEIM 1956 9 fl Nasjonalbiblioteket * avdeling Osb KIRKELIV I VERDAL KIRKESOGNENE Av lektor Einar Musum. I koppskattmanntallet av 1520 har vi opplysninger om de daværende sogns utstrekning. 1. Stiklestad (Stykelstad) sogn innbefattet gårdene på nordsiden av Verdalselven til Ydseelven samt Husan, Husby og Kvam på andre siden av denne og vestsiden av Leksdalsvatnet (Skjørholmen). Østover strakte sognet seg til Ekle, Hegstad, Stiklestad, Forbregd og Vist. På sydsiden av elven hørte to av Rosvoldgårdene (formodentlig store og nordre) til dette sogn, dessuten en Lerfald-gård, en Søraker-gård, By, Baglan og Fæby, Valstad og Vinne, formodentlig også Flåtten. 2. Leklems (Lleklems) sogn innbefattet det, som nå kalles Sjøbygda nordover til og med Gresset, Tokstad og Skjerset, altså alt på nord- og vestsiden av Ydseelva unntagen de tre under Stiklestad sogn nevnte gårder. 3. Lyngs (Lliogz) sogn omfattet Lyng, Mo og Haga på nordsiden av elva og på sydsiden en av Rosvold-gårdene (visstnok søndre), en Lerfalds-gård (formodentlig østre) og videre oppover til og med Gudding. 4. Agla (Agle) sogn innbefattet Hallem, Øgstad, Auglen, Kråg, Eklo, Landfald og Fåren med de nordenfor disse liggende gårder, dessuten Skrovegrenda og hele Leksdalen. 5. Hallan (Halle) sogn innbefattet Kjæran, Berg, en Søraker-gård, Høilo og alle sønnenfor disse liggende gårder, formodentlig også Rein og Risan. 6. Auskin (Skenne) sogn innbefattet på nordsiden av elven gårdene fra og med Volen til og med Breding og på sydsiden fra og med Levring til og med Østnes og Dillan. Rimeligvis hørte også Oppem med til dette sogn; men gården fins ikke nevnt i 1520. Hele Inndalen må ha tilhørt samme sogn. 10 VERDALSBOKA 7. Vuku (Voke) sogn omfattet hele den øvre del av dalen fra og med Vuku til Elnes, som den gang visstnok var den øverste gården i bygda. KYRKJELEGE TILHØVE I VERDAL Av skoleinspektør Johs. Dahl. Da kristendomen var innført i Noreg, vart det som vedkom kyrkja og gudstenesta fastsett ved lov, kristenretten som han vart kalla. Det var Olav den heilage og biskop Grimkjell som la grunnvollen til denne loven. Denne bispen, som var Olavs håndgangne mann med kristningsarbeidet, var det også som i store trekk organiserte kyrkja. Etter kristenretten skulle det vera minst ei kyrkje i kvart fylke. Denne kyrkja vart soleis kalla fylkeskyrkja og var for alle som budde i fylket. Eit fylke svara da omlag til våre prestegjeld. Fylkeskyrkja for Verdal stod på den gamle kongsgarden Haug, og var vigsla til St. Andreas. Det er vel mest truleg at den fyrste kyrkja som vart reist her, liksom på dei fleste andre stader var ei trekyrkje — helst stavkyrkje. Seinare kom so den steinkyrkja som stod der til omlag år 1500 da ho vart øydelagt av elvebrot. Men brått må elva ha teke eit anna laup, for ein stor part av murane stod att. Etter ei gamal segn vart noko av steinen ført oppover til Stiklestad og brukt til å gjera denne kyrkja større, da ho no måtte brukast som fylkes-kyrkje, som ho opphavleg var for lita til. At denne segna var sann, synte seg no ved den siste restaurering av Stiklestad kyrkje. Da kalken vart skråpt av murane i det som var bygt til seinare, synte det seg at det var innlagt i muren som byggefang stykke av portalar, suler og kapitél av kleberstein. Dette er sikkert frå ruinane på Haug, og syner at kyrkja har hatt runde bogar, og i stilen vore mykje lik Stiklestad kyrkje. Ein veit i det heile lite om denne kyrkja, men ho må minst ha vori så stor som Stiklestad kyrkja er no, og å døme etter det som fanst i murane i Stiklestad kyrkja, må ho ha vore mykje forseggjort. Det som stod att av murane på Haug, førde major Kliiwer til Bjartnes og bygde uthus av. Det einaste som no merkjer ut plassen der kyrkja har stått, er morkne bein og kalka stein som kjem opp i dagen når dei pløyer og harvar. I store prestegjeld var det for mange både langt og uvegsamt å koma fram til fylkeskyrkja. Det varde difor ikkje lenge før folket i utkantane tok til å byggje kyrkjor for eiga rekning. Desse, som vart ■ 11 kalla heradskyrkjor, stod frå fyrst av ikkje i noko samband med fyl-keskyrkja, eller hovudkyrkja som ho no vart kalla. I heradskyrkjone kunne dei halde gudsteneste, men alle ministerielle forretningar som dåp, nattverd, konfirmasjon og jordfesting var lagde til hovudkyrkja. Seinare vart desse kyrkjone dregne inn under kyrkjestyret i fylket og lagde under hovudkyrkja som annekskyrkjor. Slike er Vuku og Halle kyrkjor. Kva tid det frå fyrst av var bygt kyrkjor på desse plassane, veit ein ikkje noko visst om. Om Vuku veit ein berre det at den kyrkja som no står der, er vigsla 15/2 1655 og reist på same staden der det til den tid hadde stått ei kyrkje. Halle (Hallan) låg i utkan- ten av soknet, det vart difor bygt ny kyrkje for soknet på Vinne. Ho vart vigsla 1816. Den gamle kyrkja på Hallan stod til 1815, da lynelden slo ned i tårnet, og ho brann opp. Hovdingar og storbønder bygde også kyrkjor på gardane sine. Desse vart kalla høgendes-kyrkjor, som var små kapell og var heilt private. Eigaren brukte den prest han ville, og rådde som han sjølv fann for godt både over huset og tenesta der. Av slike kyrkjor var det ikkje mindre enn 4 i prestegjeldet. I Vuku sokn Auskind, der kyrkjetufta skil seg klårt ut som ein avmerkt firkant. I Stiklestad sokn: Lyng, Agle (Auglen), den gamle prestegarden og Leklem. På Lyng og Leklem kan ein av det som finst i jorda, so nokolunde finne ut kor kyrkjone har stått, men på Auglen finst det ikkje noko merke. Truleg er kyrkjetufta attvaksi med skog. Desse kyrkjone vart seinare som heradskyrkjone lagde under hovudkyrkja som anekskyrkjor med kvar sitt sokn. I Verdal prestegjeld var det soleis 7 kyrkjesokn. Men ved overgangen frå katolisismen til den lutherske læra vart det smått med prestar, av di alle katolske prestar som ikkje ville gå over til den nye læra, vart avsette. Det vart soleis vanskeleg å få prestar til alle kyrkjone, og etter vedtak i den «trondhjemske reformats» av 1588 vart alle 4 småkyrkjor i Verdal lagde ned. Det var også ting som gjorde at slike kyrkjor kom i vanry. I ei melding til kong Fredrik den II. om dei kyrkjelege tilhøva i Nidaros bispedøme, seier Kristian Fris, som da var befalingsmann over Trondhjerns len: «Det er dog sædvanlig at der ved sådanne kirker holdes messe og præken udi, og da gjør bønderne ved samme leilighed stort gjestebud så sådanne kirker med al rett kan kaldes ølkirker». Sokna som var lagde til desse kyrkjone, vart no lagde til dei 3 kyrkjone som var att. Auskind til Vuku og dei tri andre til Stiklestad, som no vart hovudkyrkja i prestegjeldet. 12 VERDALSBOKA STIKLESTAD KYRKJE Av skoleinspektør Johs. Dahl. I Trøndelag er det mange gamle kyrkjor, og millom dei er Stiklestad ei av dei eldste. I stil og byggemåte har ho og likskap med dei andre frå same tid. Men ho skil seg ut frå dei andre med det at mykje av det som er i samband med dette gudshuset, står i den nøyeste samanheng med det beste i soga vår. Ho skil seg også ut i det at ho i motsetnad til dei andre kyrkjor frå den tid ligg så lågt i landskapet. At ho er lagd på det lægste av Stiklestadsletta, må ha ein sers grunn, og denne kan ikkje vera nokon annan enn at ho er reist over den staden der Olav den heilage døydde. — Om Olavssoga har det vore mykje strid millom eldre og nyare sogegranskarar. Men det ser ut som alle er samde i at kongen fall der altaret i Stiklestad kyrkje står. Dei som skynar seg på strategi og krigskunst frå den tid, finn det også mykje rimeleg at den hardaste striden må ha stått der kyrkja no står. Om det same vitnar også mange legendariske og historiske fortel- jingar. Soleis står det i ei gamal norsk homiliebok1: «Kirken på Stiklestad står på det hellige sted hvor hans blod var utgydt og han havde faret av denne verden». Og vidare at «selve den sten hvorpå han faldt kommer frem oventil ut av alteret». Eit skrift som dei for ei tid sidan fann i England, omtaler Olavs undergjerninger. I dette skrift som for ein del skal vera skrive av sjølvaste biskop Øystein, heiter det2: «Lang tid efter martyrens op-høielse blev der til ære for ham selv opført en kirke på det sted hvor hans blod blev utgydt. Da biskopen kom for at innvie kirken, traff det sig, at der i samme provins var en konge som lå i stor sykdom på grund av et onde i knæet. For at han kunde delta i festen, blev han på båd bragt opover elven henimot kirken og derefter kjørt av sine tjenere på en vogn og lagt i kirken. Efter at høitideligheden var endt, fortalte man kongen om den sten hvorpå den hellige martyr faldt, som endnu viser stenk av hans blod, og hvis øverste del sprang ud fra selve alteret. Han gik derfor hen og la knæet på stenen, og blev straks helbredet». Etter dette og meir til må ein ha lov til å tru at kyrkja verkeleg er reist over staden der Olav døydde, og at ho var vigsla til han. Fleire kunnige, millom dei prof. Johan Meyer, meiner at det ikkje so lang tid etter Olavs fall vart reist ei trekyrkje der. Denne 1 Utgitt av prof. Unger. 2 Nicolaysen: Årsb. fra Fortidsmindeforeningen 1881. KIRKELIV I VERDAL 13 Stiklestad kyrkje. Etter teikning av Gerhard Schøning i aret 1774- stod så omlag 100 år, til ho anten var falleferdig eller likevel måtte vike for å gi plass for den som no står der. Ein veit ikkje noko sikkert årstal for når Stiklestad kyrkje vart bygt; men etter dei kjeldor ein hittil kjenner til, må det vera i siste halvparten av det 12. hundreåret, helst millom 1150 og 80. Soga seier ikkje noko om kven som har bygt Stiklestad kyrkje. Mange har hevda at det må vera erkebiskop Øystein. Og er det så som Henrik Mathiesen meiner at han er fødd og vaksen opp på Rosvoll, som ligg på andre sida elva tvers overfor Stiklestad, så er det vel ikkje tvil om at han som kyrkjefyrste ville reise eit gudshus på den staden som visstnok frå barndomen av hadde gitt nøring til at han vigsla heile sitt liv til teneste for heilag Olavs sak. Det er ei vanleg langkyrkje av gråstein. Murane er «kistemur» —■ 2 murar med millomrom som er fylt med sand og kalk. I den eldste

Description:
når det ikke utrededes in natura, ble det betalt i penger av anneksene alene. Ved reskript av 7. aug. akku-pasjonsmakten, avsatt som lensmann av.
See more

The list of books you might like

Most books are stored in the elastic cloud where traffic is expensive. For this reason, we have a limit on daily download.