Folketeljing 1865 for 0214 Aas prestegjeld Digitalarkivet 22.09.2014 Utskrift frå Digitalarkivet, Arkivverket si teneste for publisering av kjelder på internett: http://digitalarkivet.no Digitalarkivet - Arkivverket Innhald Løpande liste .................................. 9 Førenamnsregister ........................ 91 Etternamnsregister ...................... 115 Fødestadregister .......................... 139 Bustadregister ............................. 161 4 Folketeljingar i Noreg Det er halde folketeljingar i Noreg i 1769, 1801, 1815, 1825, 1835, 1845, 1855, 1865, 1870 (i nokre byar), 1875, 1885 (i byane), 1891, 1900, 1910, 1920, 1930, 1946, 1950, 1960, 1970, 1980, 1990 og 2001. Av teljingane før 1865 er berre ho frå 1801 nominativ, dvs. ho listar enkeltpersonar ved namn. Teljingane i 1769 og 1815-55 er numeriske, men med namnelistar i grunnlagsmateriale for nokre prestegjeld. Statistikklova i 1907 la sterke restriksjonar på bruken av nyare teljingar. Etter lov om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå (statistikklova) frå 1989 skal desse teljingane ikkje frigjevast før etter 100 år. 1910-teljinga blei difor frigjeven 1. desember 2010. Folketeljingane er avleverte til Arkivverket. Riksarkivet har originalane frå teljingane i 1769, 1801, 1815-1865, 1870, 1891, 1910, 1930, 1950, 1970 og 1980, mens statsarkiva har originalane til teljingane i 1875, 1885, 1900, 1920, 1946 og 1960 for sine distrikt. Folketeljinga 31. desember 1865 Ved kgl. res. 11. oktober 1865 blei det kunngjort at det skulle haldast "almindelig Folketælling" for å få ei detaljert oversikt over Noregs befolkning natta mellom 31. desember 1865 og 1. januar 1866. Personar som på dette tidspunktet var mellombels fråverande (på reise, til sjøs osb.), skulle teljast med på sin heimstad, mens personar som på det aktuelle tidspunktet var mellombels til stades (på besøk osb.), skulle utelatast på opphaldsstaden. På denne måten gjev folketeljinga i 1865 ei oversikt over kvar bustad sine heimehøyrande personar. Som ved folketeljinga i 1801 skulle alle personar føres opp med namn. Folketeljinga i 1865 var den første som noterte personane sin fødestad. Teljingsarbeidet i byane I byane blei det ved denne folketeljinga for første gang i Noreg gjennomførd sjølvteljing. Det vil sei at eigaren eller styraren av kvar enkelt gard eller hus i byen sjølv fylte ut teljingslistene. Blanke skjema blei delt ut dei siste dagane før nyttår i 1865, og innsamlinga av listene blei gjennomført frå måndag 8. januar 1866 og framover. Rodemeistrane delte ut og samla inn listene, og kontrollerte at dei var utfylt i tråd med instruksane. Om ikkje, kunne rodemeistrane etter å ha innhenta fleire opplysningar gjere endringar eller tilførslar i listene. Magistratane hadde elles det overordna ansvaret for teljingsarbeidet i byane. Teljinga blei ført i lister av to typar. Huseigarane eller -styrarane førte altså sjølv "Speciallistene", som gjev ei løpande oversikt over hushald og personar innanfor kvart hus eller bygard. Teljingsstyraren, som regel magistraten, laga deretter på grunnlag av spesiallistene ei "Hovudliste" for heile byen, som gjev ei oversikt over talet på hushald, og heimehørande personer i kvart hus eller bygard. Hovudlistene og spesiallistene er sidan blitt bundne inn i protokollar. Små byar har fått plass i ein protokoll, mens større byar er fordelt på fleire protokollar. Teljingsarbeidet i landdistrikta Teljingsarbeidet blei gjennomført frå og med måndag 8. januar 1866. På landet var det lensmennene som hadde ansvaret for teljingsarbeidet, men overlet mesteparten av "Bestyrelse og Tilsyn" med teljinga til sokneprestane og kapellanane i dei enkelte prestegjeld og sokn. Det praktiske arbeidet blei gjort av skulehaldarane (lærarane), som gjekk frå gard til gard og førte teljingslistene. Desse "Speciallistene" gjer ein løpande oversikt over bustader (gardar, bruk og plassar) og personar innanfor ein skulekrins (teljingskrins). Store skulekrinsar kunne krevje fleire spesiallister undernummerert med a, b, c osb. Soknepresten utarbeide deretter ei "hovudliste" for heile prestegjeldet på grunnlag av spesiallistene. Hovudlista gjer ei oversikt over talet på busette hus, hushald og heimehøyrande personar på kvar bustad. Hovudlistene og spesiallistene er sidan blitt bundne inn i protokollar. Kvar protokoll kan avhengig av størrelsen omfatta eit sokn, eit heilt prestegjeld eller fleire prestegjeld. Folketeljinga 1865 i databehandla utgåve Digitalarkivet sine folketeljingshefte omfattar oftast ein kommune, men nokre hefte er på grunn av størrelsen delt opp i fleire band. Hefta inneheld ei datamaskinformatert avskrift av dei originale personlistene. Opplysningar frå hovudlistene er berre tekne med dersom dei tilhøyrande personlistene manglar. Først kjem ei fortløpande liste av bustader og personar i same rekkefølgje som i originalmaterialet. Så følgjer alfabetiske personregister på førenamn, etternamn og fødestad, pluss eit bustadregister (gardsregister). Med utgangspunkt i registra kan ein ved hjelp av side-, gard/gate- og nummertilvisinga gå inn i den fortløpande lista, der ein finn komplette opplysningar frå kjelda om gardar, bruk, plassar og personar. Dataregistreringa Materialet Digitalarkivet har frå folketeljinga 31.12.1865 er dataregistrert av prosjektet Teleslekt (under Telenor 1993-95 og Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana 1996-98) eller av Digitalarkivet sine eigne registreringseiningar i Stavanger og Voss frå 1.6.1998. Digitalarkivet forvaltar Arkivverket sine digitale folketeljingar. 5 Folketeljingslistene er dataregistrert i skjema med faste felt. Felta tilsvarar stort sett rubrikkane i kjeldene. Skjemaa er kalla skjema for teljingskrins-, bustad-, person-, jordbruk- og informasjonsskjema. Nedanfor finn du dei hyppigast brukte felta for kvart skjema: feltnummer, feltnamn i heftet og forklårande feltnamn. Bustad Nr Namn Fullt feltnamn 1 Bustadnr. Bustadnummer 2 Krins Teljingskrinsnummer og -namn 3 Namn Bustaden sitt namn 4 Gnr Gardsnummer 5 Bnr Bruksnummer På lina under kjem eventuelle merknader Bustad – by Feltnr Kortnamn Fullt feltnamn 1 Bustadnr. Bustadnummer 2 Krins Teljingskretsnummer og -namn 3 Adresse Gatenamn og nummer 4 Hustype På linene under kjem eventuelle merknader og andre opplysningar Person Feltnr Kortnamn Fullt feltnamn Reg.kodar 1 Nr. Personnummer 2 Namn Førenamn + Etternamn 3 Kj Kjønn m/k 4 Siv Sivilstand g/ug/b/e/s/f 5 Bust Bustatus b/mt/f 6 Fam Stilling i familien 7 Yrkje Yrkje 8 Fødd Fødselsdato 9 Fødestad 10 Statsb. Statsborgarskap 11 Tru Trussamfunn Fortløpande liste Opplysningane frå dei forskjellige skjemaa er i heftet stort sett skrivne ut i den rekkefølgja dei har i originalkjelda. Bustads- og personopplysningane for kvar bustad er plassert etter kvarandre, det er ein line mellom kvar bustad, og det er ein tynn line mellom ulike hushald i same bustad. Innanfor kvar seksjon kjem øvst ei line med feltnamn skrivne i kursiv. Deretter følgjer under dei respektive feltnamna opplysningane frå kjelda skrivne med feit skrift (bustad) eller vanleg skrift (resten). For kvar innføring (f eks bustad eller person) er ei eller fleire liner tekne i bruk etter behov. Nokre personopplysningar er plassert på line 2 under personen det gjeld. Då vil feltnamnet stå i kursiv og opplysningane frå kjelda stå med vanleg skrift rett etterpå. Feltnamna vil vere i kursiv, mens opplysningane frå kjelda vil stå med vanleg skrift rett etter. Faste forkortingar brukt i nokre felt (Merk: Fleire av forkortingane nedanfor er ofte registrert med store bokstavar.) Om næringslokale bu = butikk ko = kontor ve = verkstad an = andre lokale for næringsdrift Kjønn m = mann k = kvinne 6 Bustatus b = busett på staden mt = mellombels til stades f = fråverande Stilling i familien hf = husfar hm = husmor s = son d = dotter tj = tenar fl = losjerande, høyrande til familien (ikkje nødvendigvis slektning!) el = einsleg losjerande (dvs. med eige hushald) b = besøkande Ekteskapleg stilling g = gift ug = ugift e = enkje/enkjemann s = separert f = fråskild Fødestad t = fødd i teljingsheradet Undersått n = norsk statsborgar Trussamfunn s = tilhøyrande den norske statskyrkja Sjukdom b = blind d = døvstum s = sinnssjuk aa = åndssvak Nasjonalitet n = norsk l = lappisk lf = lappisk, fastbuande ln = lappisk, nomadiserande k = kvensk (finsk) b = blanda Språk n = norsk l = lappisk f = finsk (kvensk) Jordbruksopplysningar I utsæd er eininga tønner av de ulike vekstane. Talet på husdyr kan står slik: 'ku18'. som betyr '18 storfe'. hv = kveite ru = rug by = bygg bl = blandingskorn 7 ha = havre er = erter po = potet he = hestar ku = stort kveg få = får gj = geiter sv = svin re = rein Spesialsymbol frå dataregistreringa I utskriftene vil det vere nokre teikn/symbol som markerer problem i originalkjelda eller i den dataregistrerte utgåva: ?? markerer at skrifta i kjelda her har vore utydeleg eller uleseleg (f eks ’Kristi??’) @ er brukt som skiljeteikn mellom to alternative opplysningar, når det ikkje er råd ut frå kjelda å avgjere kven av dei to som er den rette (f eks ’Even@Sven’). % markerer stryking i kjelda. Dersom eit ord eller ei setning er stoken over, vert det markert med % framfor og bak det strokne (f eks ’Peder %Hans%’). !! markerer at denne opplysninga i originalkjelda opplagt må vere feil. !! aleine i eit felt betyr at denne opplysninga manglar heilt i kjelda (f eks førenamn for udøypte barn). * etter ei opplysning, f eks eit etternamn, markerer at opplysninga ikkje er i kjelda for denne personen (f eks eit barn), men er påført av registratoren på grunnlag av opplysningar om personane omkring (f eks foreldre eller søsken).. E: markerer at den etterfølgjande merknaden er registratoren sin eigen, og ikkje står i kjelda. Alfabetiske register I førenamns- og etternamnsregisteret finn ein personane sine fulle namn, fødselsår og bustad, pluss ei tilvising til side i den fortløpande lista og personens nr. i huslista. I fødestadsregisteret finn ein personane sine oppgjeve fødestader, fulle namn og fødselsår, pluss ei tilvising til sida i den fortløpande lista og personens nr. i huslista. Berre personar fødde i annan kommune enn der dei er talde er med her. Bustadregisteret inneheld namn på bustaden med tilhøyrande side- og gards- og bruksnummer i den fortløpande lista. 8 Folketeljinga 1865 Personar i alt: 2708 (kvinner: 1336, menn: 1371) Bustader: 447 Ny teljingskrins startar. Personar i krinsen: 522 (kvinner: 258, menn: 263) Bustader i krinsen: 101 Krins: 001 Treider Aas Hovedsogn %Treider kreds% Prestegjeld: Aas Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0001 001 Treider Klommesteen sondre 22a 3 Merknad: (S/L: 16/1) Eigar: Husmand uden Jord Dagarbeider Martin Johannesen Utsæd: by3 1/2 ha4 1/2 , kreaturhald: Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Martin Johannesen m g Husfader Husmand uden Jord 31 (alder) Aas Prgj. Dagarbeider 002 Marthe Johannesdatter k g hans kone 37 (alder) Sverige 003 Herman Martinsen m ug deres Søn 2 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0002 001 Treider Klommesteen sondre 22b 7 Merknad: (S/L: 16/4) Eigar: Selveier og Gaardbr Baltser Torve Utsæd: hv1/4 ru3/8 by1 ha3 po6 , kreaturhald: he2 ku4 sv1 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Baltser Torve m g Husfader Selveier og Gaardbr 74 (alder) Krogstad Prgj. 002 Henriette Torve k g hans Kone 74 (alder) Tydskland 003 Daniel Valstad m g Husfader Forpagter 36 (alder) Sverige 004 Stine Andersdatter k g hans Kone 23 (alder) Sverige 005 Caroline Danielsdatter k ug deres Datter 1 (alder) Næsodden Prgj. 006 Niels Danielsen m ug hans Søn 9 (alder) Drøbak 007 Sofie Olsdatter k ug Tjenestepige 17 (alder) Froen Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0003 001 Treider Klommesteen sondre Plads 7 Merknad: (S/L: 16/11) Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Martin Johannesen m g Husfader Husm med Jord 42 (alder) Edsberg Prgj. 002 Seline Hansdatter k g hans Kone 42 (alder) Aas Prgj. 003 Karen Helene Martinsdatter k ug deres Datter 14 (alder) Vestby 004 Amalie Martinsdatter k ug deres Datter 11 (alder) Froen 005 Hans Jørgen Martinsen m ug deres Søn 9 (alder) Froen 006 Just Martinsen m ug deres Søn 6 (alder) Froen 007 Carl Anton Martinsen m ug deres Søn 2 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0004 001 Treider Klommesteen sondre Plads 5 Merknad: (S/L: 16/18) Eigar: Husmand med Jord Jens Pedersen Utsæd: by1/8 po1 1/2 , kreaturhald: Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Jens Pedersen m g Husfader Husmand med Jord 42 (alder) Askim Prgj. 002 Annie Knudsen k g hans Kone 54 (alder) Christiania 003 Anne Caroline Balsersdatter k ug Stedbarn hjælper Moderen i 23 (alder) Aas Prgj. Husholdningen 004 Balser Baltsersen m ug Stedbarn 16 (alder) Aas Prgj. 005 Edvard Jensen m ug deres Søn 9 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0005 001 Treider Klommesteen sondre 22c 0 Merknad: (S/L: 16/23) Ikke bebygget, Eieren boer i Froen Sogn. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0006 001 Treider Klommesteen sondre 22d 0 Merknad: (S/L: 16/24) Ikke bebygget, Eieren boer i Froen Sogn. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0007 001 Treider Lokkedahl 23 0 Merknad: (S/L: 16/25) Ubeboet. Eigar: Utsæd: ru3/4 po6 , kreaturhald: Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0008 001 Treider Klommesteen nordre 24a 4 Merknad: (S/L: 16/26) Eigar: Selveier Anton Abrahamsen Utsæd: hv1/2 ru3/8 by3/4 ha3 1/2 po8 , kreaturhald: he1 ku5 få2 Digitalarkivet - Arkivverket Side 9 0214 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Anton Abrahamsen m ug Husfader Selveier 41 (alder) Aas Prgj. 002 Dorethea Arnesdatter k ug Tjenestepige 42 (alder) Edsberg Prgj. 003 Hans Halvorsen m ug Tjenestekarl 32 (alder) Aas Prgj. 004 Jensine Edvardsdatter k ug Tjenestepige 20 (alder) Drøbak Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0009 001 Treider Klommesteen nordre 24b 2 Merknad: (S/L: 16/30) Eigar: Forpakter Christoffer Christiansen Utsæd: hv1/2 by1 ha4 po5 , kreaturhald: he1 ku2 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Christoffer Christiansen m ug Husfader Forpakter 29 (alder) Aas Prgj. 002 Karen Christeansdatter k ug Tjenestepige 33 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0010 001 Treider Klommesteen nordre 24c, 24d, 25a 0 Merknad: (S/L: 16/32) Bruges under Eet med No 22b. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0011 001 Treider Klommesteen nord 25b 4 Merknad: (S/L: 17/1) Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Fredrik %Henrik% Andersen m g Husfader Husm uden Jord 44 (alder) Aas Prgj. 002 Elen Paulsdatter k g hans Kone 34 (alder) Aas Prgj. 003 Anton Fredriksen m ug deres Søn 8 (alder) Aas Prgj. 004 Josefine Fredriksen k ug deres Datter 2 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0012 001 Treider Torp 28a 6 Merknad: (S/L: 17/5) Eigar: Gaardbr Selveier Hans Andersen Utsæd: hv1 ru1/4 by1 ha7 1/2 po10 , kreaturhald: he1 ku5 få3 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Hans Andersen m g Husfader Gaardbr Selveier 45 (alder) Næsoddens Prgj. 002 Maren Helene Hansdatter k g hans Kone 48 (alder) Drøbaks Prgj. 003 Maren Henriette Hansdatter k ug deres Datter 4 (alder) Aas 004 Rikard Johansen m ug Stedsøn 15 (alder) Aas 005 Hans Emil Johansen m ug Stedsøn hjælper Faderen med 15 (alder) Aas Gaardsbruget 006 Bernhard Johansen m ug Stedsøn hjælper Faderen med 20 (alder) Aas Gaardsbruget Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0013 001 Treider Torp 28b 3 Merknad: (S/L: 17/11) Eieren bor udenfor Præstegjeldet. Eigar: Husmand uden Jord Dagarbeider Edvord Sørensen Utsæd: hv1/4 ha6 po3 , kreaturhald: Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Edvord Sørensen m g Husfader Husmand uden Jord 30 (alder) Aas Dagarbeider 002 Trine Johannesdatter k g hans Kone 32 (alder) Skibtvedt Prgj. 003 Jenny Kistine Edvordsdatter k ug deres Datter 1 (alder) Aas Prgj. Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0014 001 Treider Egeberg 31a, 31b 5 Merknad: (S/L: 17/14) Eigar: Gaardbr, Selveier Hans Knudsen Utsæd: hv1/2 ru1/2 by1 1/2 ha7 po10 , kreaturhald: he2 ku8 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 Hans Knudsen m g Husfader Gaardbr, Selveier 59 (alder) Throndhjem 002 Jeanette Knudsen k g hans Kone 56 (alder) Christiania 003 Mathilde Nærup k ug Fosterdatter 28 (alder) Hølen 004 Hans Abrahamsen m ug Tjenestekarl 39 (alder) Drøbaks Prgj. 005 Lisa Andersdatter k ug Tjenestepige 25 (alder) Sverige Bustadnr. Krins Namn Gnr. Løpenr. Heimehørande 0015 001 Treider Egeberg Odalen 32 7 Merknad: (S/L: 17/19) Eigar: Gaardbr. og Selveier David Rasmusen Utsæd: ru1/4 by3/4 ha1 1/4 po5 , kreaturhald: he1 ku3 få2 sv1 Nr. Namn Kj. Siv. Fam. Yrkje Fødd Fødestad 001 David Rasmusen m g Husfader Gaardbr. og Selveier 36 (alder) Drøbaks Prgj. 002 Trine Lovise Case k g hans Kone 35 (alder) Aas Prgj. Side 10 Digitalarkivet - Arkivverket
Description: